Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spør Dina

Er du gravid og har fått diabetes i svangerskapet? Då er det kanskje mange ting du lurer på. Vi håpar at Dina kan gi svar på nokre av spørsmåla dine.

Dina er ein robot utvikla av helsepersonell frå Kvinneklinikken og Bergen kommune. Ho har ein del kunnskap om svangerskapsdiabetes, men er framleis under opplæring. Dina blir klokare kvar gong ho får spørsmål. Ho er nysgjerrig og er rask til å lære seg nye ting. Du vil vere anonym når du spør Dina.

Grafisk illustrasjon av chatboten Dina med lenke til selve chatboten.
 

Spør Dina!

Ein aukande andel gravide får diagnosen svangerskapsdiabetes, ein tilstand som krev tettare oppfølgjing og ofte livsstilsendring hjå mor. Tilgang på informasjon om kosthald, behandling, helsekontrollar og fødetilbud vil gjere den gravide og hennar pårørande tryggare og betre førebudd før fødselen. 

Chatboten "Dina" kan svare på spørsmål når kvinna sjølv ønskjer det. Svara er utarbeidd av helsepersonell som til vanleg følgjer opp gravide på Haukeland Universitetssjukehus og i Bergen kommune. Dina ble lansert på kvinnedagen den 18.03.2018. 

Gravide med svangerskapsdiabetes har mange spørsmål og eit stort informasjonsbehov. Vi har kartlagt kvinnenes ønskjer for korleis vi kan tilby trygg informasjon og vere tilgjengeleg utanom helsekontrollar hos jordmor eller lege.

Effektar

Ein chatbot er ein robot som gir svar på konkrete spørsmål og deler informasjon med brukaren i dialogform.

Spørsmål og svar er lagt inn i løysinga i eit samarbeid mellom brukarane og helsepersonell. Effekten er ei helseteneste som alltid er tilgjengeleg. Den kan gi eit betre tilbod til gravide, avlaste helsetenesta og i beste fall gi tryggare svangerskap.

Andre gevinstar er å byggje erfaring med utvikling og bruk av teknologiske løysingar i helsetenesta og dessutan involvering av brukarane i alle ledd av utviklinga.

Prosjektets mål

• Undersøke om informasjonsbehovet blir dekka ved bruk av løysinga, og få tilbakemelding frå brukarane.
• På sikt undersøke om tenesta kan gi helsegevinst og redusert risiko i svangerskap med diabetes.
• Få erfaring med utvikling og bruk av ein chatbot i helsetenesta.
• Finne mogelege gevinstar for helsetenesta, som redusert tidsbruk og færre konsultasjonar.
• Lære kva som krevst for drift og vedlikehald av ein chatbot.

Tverrfagleg samarbeid og brukarinvolvering

Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Bergen HF, Bergen kommune og Helse Vest IKT. Løysinga er utvikla av teknologar, brukarar (både mor og far), jordmødrer, fastlegar, ulike legespesialistar og psykologar frå spesialist- og primærhelsetenesta.

Grafisk illustrasjon over tidslinjen til Dina chatbot-prosjektet fra oppstart i 2018 til nasjonal utrulling i 2019.


Kontaktpersonar

Innovatør og initiativtakar

Agnethe Lund, overlege ved Kvinneklinikken
E-post agnethe.lund@helse-bergen.no

Leiar for prosess

Synnøve Olset, spesialrådgivar, Helse Vest IKT  
E-post synnove.olset@helse-vest-ikt.no


 

​​​


Dina utviklast i samarbeid med Bergen kommune         ​

Bergen kommune

Sist oppdatert 31.05.2023